
Sigurd Andre Maraas ynskjer å gleda bygda med eit alternativt 17. mai-tog. No håpar han at nok folk melder seg slik at mc-toget vert ein realitet.
– Mange Fitjarfolk har motorsyklar, og eg tenkjer me kunne gledd mange med eit alternativt tog i bygda på nasjonaldagen, fortel Maraas.
Han tenkjer at om minst 10 personar melder seg vil toget gå, men håpar sjølvsagt mange fleire vil vera med.
– Ja her kan alle vera med so lenge dei har noko med motor og to hjul, om det er folk frå Fitjar eller andre stadar. Eg tenkjer at me set opp ei køyreløpa på ein liten times tid, og lagar liv med kanskje litt musikk, fløyta litt, ha passasjerar med flagg eller andre ting. Her kan ein sleppa kreativiteten laus, fortel Maraas.
Han ber folk melda seg under hans siste facebook-innlegg om dei vil vera med.
– Ja om nok folk melder seg lagar eg ei facebook-hending, og set opp ei køyreruta. Eg tenkjer at kl.10 er fint starttidspunkt, og eg har snakka med ungdomsrådet om at dei kanskje kan livestreama toget om det vert ein realitet, seier ein blid Maraas.
Han oppmodar ogso Fitjarbuen til å bli med på køyretøy-toget som skal gå frå Heiane kl.14.00, som vil ta turen forbi Fitjar i 14.30 tida.
Les meir: Ønskjer å stelle i stand eit rullande 17. mai-tog på øya