Terne i Havn i dag. Foto: Kjetil Rydland.

I dag fekk me tips frå ein av dei nærmaste naboane til båthamna i Havn om at tedno var på plass igjen.

Og ganske rett, i kveldinga var den velkjende ternelyden krrrii-krrrii å høyra i båthamna. Det er vel ingen fuglelyd ved sjøen er så sterkt knytt til sommar som den spesielle vellyden frå terna.

Førebels er det berre to terner å sjå, og det er litt for lite om me skal knyta store voner til terneframtida. Det er altfor lite til å lukkast med hekkinga, meiner fuglekjennar og naturfotograf Jan Rabben frå Stord.

For eit par år sidan var det ein del fleire terner enn tidlegare år, både i Havn og andre stader i området vårt. Derfor var me ein smule optimistiske. Men i fjor var det ikkje mange terner i Havn.

To stakkars terner er altfor lite, og me kryssar fingrane for at fleire terner dukkar opp snart, og at dei kan lukkast med hekkinga i år.

Og her har terna funne seg ein matbit. Foto: Kjetil Rydland.