Onsdag 21. mai framførte ei gruppe av drama-/teaterelevane i Fitjar kulturskule teaterstykket «Den 16. rottekrigen».

Stykket si handling er lagt til ei tenkt verd, der det meste av naturen er øydelagt av forureining. Dyra som lever der prøver å finne løysingar på kva som må gjerast for at verda skal bli bra igjen, og det heile ender med eit klart bodskap til alle i salen om å ta vare på den jorda me har og at me, altså publikum, er dei som må ta ansvar!

Elevane har arbeidd godt og det var ei trygg og god framføring. For mange av elevane var dette fyrste gong på scena, og ein kan ikkje anna enn å skryte av dei gode prestasjonane deira. Kulissar og kostyme var også veldig gjennomførte og flotte.

Drama/teaterlærar i kulturskulen Torill Berger Falk har hatt regi og styrt med heile framsyninga, kjekt denne gongen var at kulturskuleelev Sverre Fangel Brekke styrte lyd og lys – godt jobba! Dei om lag 100 frammøtte fekk ei fin oppleving og ein viktig bodskap med seg heim!

Kulturskulen har ei drama/teatergruppe til, og dei skal ha si framføring tysdag 3. juni, da står Rune Belsvik sitt stykke «Siste song» på programmet, den framsyninga høver best for ungdom og vaksne.