Velsigna med eit fantastisk turvær i påskehelga er det vel verdt å leggje påsketuren om Litlasåto, høgste fjelltoppen i Fitjar kommune.

I følgje «grunnleggjaren» er dette indrefilèten i Fitjarfjellet, noko det er lett å samtykkje i. Om du er kjapp i steget og tek små pausar rekk du toppen i løpet av 2,5 timar. Turen går gjenom turterreng ikkje mange andre stadar i verda overgår.

Litlasåto kan nåast via mange turruter, men mitt turtips startar på Dalshaugane ein tidleg påskedags føremiddag. Ved å følgje merka sti mot Botnavatnet og halde fram rett vidare mot Kidno (ikkje innom Botnavatnet), har ein sola fint i mot heile turen. Etter å ha signert i boka på Kidnaakslo etter ein god times gange, følgjer ein oppmerka sti vidare til topps på Kidno (571 moh) og vidare på same sti i om lag 10 min. Herfrå går turen langs dyretrakk og småvaksen fjellvegetasjon og dreier mot aust ned mot sørenden av Mosavatnet.

Ein kryssar lett elva i sørenden av Måsavatnet og følgjer markert fjellrygg sør-austover, heilt til ein står på toppen av Litlasåto (676 moh). Gløym ikkje å ta ein Kvikk Lunsj før du tek til på fjellryggen. Du treng litt fråspark mot toppen. Om eg ikkje møtte grunnleggjaren av Litlasåto, så i alle høve ein av initiativtakarane til å reise den flotte varden som markerer toppen. Me signerte i boka på Litlasåto som nr 3 og 4 i 2014. Det er ikkje representativt for kor tilgjengeleg toppen er. John Karsten Raunholm kom med lette steg ned frå Mehammarsåto, berre om lag 20 min unna. Han starta turen på Mehammar. Mehammarsåta er også i år ein post på Topptrimmen, så turen til Litlasåto kan lett kombinerast med ein stopp på øya Stord sin høgste topp (749 moh).

Med same mål for turen vidare slo me fylgje mot Klysskar. Turen over til Klysskar går i umåteleg fint terreng om ein fylgjer tydeleg markert fjellrygg mot sør-vest frå toppen av Litlasåto. Her er kunsten å ikkje tape høgdemetrar over myrdraget mot merka tursti over Klysskar. God sti og lett terreng leier opp til nok ein topp i Topptrimmen, kanskje den mest krevande toppen i årets utgåve; Klysskarfjellet (555 moh). Straks meire ferdafolk å treffe i dette området.

Klyskardfjellet er langstrakt, og mitt tips er å halde mot sør i starten av turen utover fjellet, til ein finn varda sti i sørveggen av Klysskar (Bukkholmtrakket) som raskt leier ned mot vatnet. Ved brua som leier over elva i nordeden av Klysskarvatnet er det lett å bli freista til ein tur oppom Melen (499 moh) for å signere Topptrimmen også der. Det let seg gjere på ein god halvtime frå brua. Bonusen er då å få sleppe seg ned til Sølivatnet på fin sti, skrive i boka, og ha lett marsj på skogsvegen ut til Dalshaugane når kroppen etter kvart seier frå om at «no er det nok for i dag».

God tur til Litlasåto, og slik vær og vind no er kan du faktisk gå i «bera ondebokso». Totaltid minst 5,5 timar med god fart i gode fjellsko!