Taubåten «Starkad» som så tragisk havarerte utanfor Fitjar Mek. er no snudd.

Amundsen Diving med miniubåt og dykkarar var på plass tidleg i dag, og rundt klokka 11.00 kom flåten med kran og følgjebåt frå Eide Lift. Ein tok seg svært god tid til klargjering med både dykkarar, miniubåt og utlegging av oljelenser, før sjølve snuingsprosessen kom i gang.

Før snuinga vart taubåten lagt med baugen mot kaien, og det var festa fire trossar til dekk, to på kvar side, i tillegg til ein del «hjelpetau».

Roleg og kontrollert vart så båten snudd rundt, og etter det fitjarposten kunne observere, gjekk alt som det skulle. Når havarikommisjonen og politiet har fått gjort sitt, vert båten etter det fitjarosten.no erfarer, slept til Sagvåg, der han hører heime.