Vinteren 2010 vart det for første gong arrangert tårnagenthelg i Fitjar. Helga var ein stor suksess, og no planlegg kyrkjelydspedagog Silje Fyllingen ny agenthelg for årets 3. klassingar og har sendt ut fylgjande pressemelding.

Tårnagenthelg for 8-åringane i Fitjar kyrkje 
Laurdag og søndag 10 og 11 mars 2012 er alle 8-åringane i vår kyrkjelyd inviterte til å vere agentar for å løyse oppdrag og mysterium. Fitjar kyrkjelyd inviterer denne helga alle 8-åringane til å vere Tårnagentar i kyrkja. Gjennom helga skal me løyse oppdrag og mysterium og utforske kyrkja, tårnet og klokkene. Barna bur heime, men vil vere saman laurdag og søndag. Tårnagenthelga vert arrangert i 619 kyrkjer i heile landet , og det kan bli så mange som 10 000 Tårnagentar til saman.

Kyrkjetårn og andre hemmelege stader….
Kyrkjetårnet er ein skjult skatt for mange barn. Det har vi lyst til å gjere noko med. Der det er mogeleg, vil barn over heile landet klatre opp i kyrkjetårnet denne våren. Mange vil også granske om det finst andre hemmelege stader i kyrkja, slik som ein kjellar eller eit anna skjult rom.

Bibelforteljingane
I Bibelen, boka om mysteria, finn agentane både agenttips og forteljingar som hjelper dei med å løyse oppdraga. Kanskje får forteljingane ringverknader for både agentane og for andre…

Ny nettstad for barn
Søndagsskulen har utvikla nettstaden www.tarnagentane.no. Her kan barna bli Tårnagentar.

Tårnagenthelga er utarbeidd av Den norske kyrkja i samarbeid med Søndagsskulen

Kontaktperson og påmelding: 
Silje Fyllingen
Mobil:456 11 480
E-post:sify@fitjar.kommune.no