– Vår oppgåve no er å samle inn fakta. Mange har allereie samla mange fragment som skal analyserast. Så det vil nok ta tid før me kan seie noko sikkert om årsaka.

Det er havariinspektørane Trond Evensen og Arne Kåre Jørgensen som seier dette til fitjarposten.no.

– Det dei kan stadfesta er at trossa kom på tvers av båten og drog han rundt. Men kvifor det skjedde kan dei ikkje uttala seg sikkert om før arbeidet deira er ferdig.

Tidleg fase
– Om mykje er samla inn, er me framleis i ein svært tidleg fase. Mykje står att å sjekke opp. Mellom anna VHF-loggen frå Telenor, AIS-en frå Kystverket og eventuelle kartspor i kartplottet frå Atlas.

Når båten er snudd, vil me i hovudsak sjekke pådraget frå maskinen, rorvinkel og liknande. Me er òg ute etter dokumentasjon om stabilitetsberekningar frå ein eller annan manual om bord. I tillegg vil me gjere oppmålingar med omsyn til «høyde og bevegelighet» på slepekrok, seier dei to havariinspektørane.

Målet for dei er å så realistisk som mogeleg å kunne rekonstruere det som hendte ved hjelp av dei berekningane som er gjort.

– I utgangspunket skal me avgi ein rapport innan 12 månader etter hendinga. Men det er ikkje alltid me klarer det, seier havariinspektørane Evensen og Jørgensen til slutt.