Fitjar tapte den viktige heimekampen mot Djerv med 1 – 4

Fitjar tapte toppkampen mot Djerv.  Første omgang var god frå Fitjar si side, og heimelaget burde nok ha leia klårt.  Både Thomas Vestbøstad Waage og Kjell Magne Halleraker hadde fleire store sjansar, men ballen ville ikkje i mål. Djerv sin beste spelar var keeperen som gjorde fleire store redningar. 

Fitjar fekk første mål på ein straffe. Sindre vart felt innanfor 16 meteren og sette ballen sjølv i mål. Andre omgang var meir jamn, men Fitjar hadde mange og til dels svært store sjansar til å scora, både før Djerv tok leiinga i det 56 min, og etter.  Men på slutten satsa Fitjar alt framover, og det førte til at Djerv kontra inn to mål i dei siste minutta. 

Resultatet var noko flatterande, men utan å setja sjansane, så vinn ein heller ikkje kampane.  Men gutane skal ikkje fortvila, dersom ein held trykket oppe i dei to siste kampane, kan dei avgjera opprykket til 3 divisjon sjølve. Fitjar ligg framleis først på tabellen. Kjell Træet vart av ein lokal jury kåra til Fitjar sin beste spelar.  

Fakta: 

Fitjar Idrettspark 30.09.06 kl 15.00.  Ca 70 tilskodarar.  

Fitjar sitt lag: Trond Henriksen, Knut J. Selsvold, Arild Træet, Tor Jørgen Larsen, Helge Træet, Åsmund Sørfonn, Kjell Træet, Sindre Andreassen, Ronald Skår, Thomas Vestbøstad Waage, Kjell Magne Halleråker. 

Innbyta:    66 min. Jan Åge Tislevoll for Thomas Vestbøstad Waage.  80 min. Sondre Fykse Lie for Sindre Andreassen.                              

Gult kort:   Helge Træet og ein frå Djerv.               

Mål:          1-0          10 min.     Sindre Andreassen str.

                1-1           17 min.    

                1-2           56 min.

                1-3           85 min.

                1-4           88 min.