Fitjar tapte toppkampen mot Bremnes med heile 0-4, etter at Bremnes scora to mål før det hadde gått åtte minutt av kampen.

Det verka som om A-laget til Fitjar hadde lagt igjen scoringsformen heime då dei reiste til Svortland og bortekamp mot Bremnes torsdag kiveld. Og det nytta ikkje mot Bremnes-spelarar som var både gode og heldige framfor mål.

Den første sjansen i kampen stod rett nok Fitjar for. Thomas Vestbøstad Waage kunne og burde ha scora etter rundt eitt minutts spel. Men fleire store sjansar hadde ikkje Fitjar i første omgang. Og med to scoringar etter fem og sju minutt avgjorde i realiteten Bremnes kampen til sin fordel. Den første scoringa kom etter kjapt, fint angrepsspel på venstresida, før Guttorm Kallevåg kunne setja det fine innlegget i mål frå rundt fem meters hald. Mål nummer to må Fitjar-keeperen, Vidar Vestbøstad, ta på si kappe. Ein heilt unødvendig retur på eit svakt skot, hamna i beina på Bremnes-angriparen Remi Steinsbø, som ikkje kunne seia nei takk til det pene tilbodet.

Etter 24 minutt var Fitjar på veg inn att i kampen. Thomas V. Waage heada eit fint framspel frå Kjell Andre Thorland over keeper og i mål. Diverre for Fitjar blei scoringa annullert for offside. Frå vår synsstad var det uråd å avgjera om det var ei korrekt avgjerd. Derimot var det lettare å sjå at 3-0-scoringa til Bremnes kom som resultat av ei feilaktig dommaravgjerd. Bremnes fekk eit diskutabelt frispark to-tre meter utanfor midten av 16-meteren. Bremnes-kaptein Kenneth Blåsternes la frisparket over muren og i mål. Ein betre plassert mur og ein keeper i toppslag burde nok ha redda også dette målet.

Med 0-3 etter første omgang var det vel ingen som venta at Fitjar skulle komma tilbake i kampen. Og det skjedde heller ikkje. Andre omgang blei relativt jamspelt, med fleire brukbare tilbod til begge lag. Det nærmaste Fitjar kom scoring var eit skot i tverrliggjaren av Helge Træet etter eit kvarters spel.Elles hadde Øyvind Fykse Lie og Torbjørn Korsvik fleire gode forsøk, medan toppscorar Thomas V. Waage ikkje nådde vanleg nivå i kveldens kamp. Og i staden for redusering til Fitjar, enda kampen med 4-0 til Bremnes etter 90 minutt. Fitjar-keeperen sleppte ballen over seg, og Kenneth Blåsternes fekk gleda av å scora det andre målet sitt for kvelden.

Fitjar var nok eit hakk svakare enn Bremnes denne kvelden, utan at me såg den heilt store nivåforskjellen på dei to laga. Men det er som kjent måla som tel i fotball. Best på Fitjar denne gongen var kaptein Øyvind Fykse Lie, medan forsvaret og spela ein brukbar kamp, trass i det ubehagelege resultatet.