A-laget til Fitjar tapte 1-2 i serieopninga mot erkerival Solid laurdag ettermiddag.

Nesten 200 hadde funne vegen til Fitjar Idrettspark for å sjå årets kamp i 4. divisjon. Når Fitjar og Solid spelar i same pulje, er alltid desse oppgjera høgdepunkta i sesongen for fotballinteresserte i begge leirar.

Våren titta forsiktig fram før kampen, men gjekk ikkje lang tid før vind og regn overtok Fitjar Idrettspark i dag. Og Solid kunne køyra heim over Morkjo med tre poeng i bagen, etter ein kamp som kunne ha vippa begge vegar.

I medvinden i første omgang var Solid det beste laget, og brukte ikkje meir enn eitt minutt og 40 sekund på å opna årets målkonto. Og det var ikkje uventa at det var den gamle måltjuven Alfred Berge som scora, etter at han hadde fått litt for stor plass inne i feltet til Fitjar.

Ein slik notorisk målscorar må ikkje få plass til å boltra seg, men det var akkurat det som skjedde etter 38 minutt. Dermed stod det 2-0 til Solid, noko som og blei stillinga ved pause.

Solid hadde mesteparten av spelet i medvinden, men ikkje fleire opne målsjansar. Fitjar var svært nær redusering då dagens Fitjar-spelar, André «Mini» Helland, sitt innlegg gjekk i tverrliggjaren vak austevollingen John André Njåstad i Solid-målet.

Heller ikkje i andre omgang fekk me sjå det store spelet frå nokon av laga si side. Fitjar hadde eit lite overtak i regnet og vinden, sjølv om dei ikkje kom til mange sjansar. Men etter ein knapp halvtimes spel var dei direkte uheldige då Solid redda på streken eit hardt skot frå Helge Træet.

Mål blei det ikkje før dei fekk straffe heilt på slutten av kampen. Øyvind Fykse Lie scora på straffe, etter at han sjølv hadde blitt felt. Solid-keeper John André Njåstad redda det første forsøket frå Fitjar-kapteinen, men han var altfor tidleg på veg ut frå streken då skotet gjekk. Og på det andre forsøket lukkast Øyvind Fykse Lie, etter å ha finta ut keeper.

I dei hektiske sluttminutta hadde begge laga sjansar, men heimelaget måtte sjå Solid ta med seg både prestisje og poeng heim til Sagvåg. Vel fortent kanskje, ikkje fordi dei var spelemessig betre enn Fitjar. Men dei hadde Alfred Berge, og han var den store skilnaden på laga denne gongen. Det er som kjent lov å ha ein målfarleg spiss på laget.

Bestemannspremien dagens Fitjar-spelar gjekk til André Helland. I ein kamp der dei fleste Fitjar-spelarane var «på det jamne» var han den mest svoltne, og fortener såleis middag på Fitjar Fjordhotell. Måtte tilbodet om middag lokka fram svolten hos fleire Fitjar-spelarar i tida som kjem.

 


Mannen som står og hutrar seg gjennom sluttminutta, er tomålsscorar Alfred Berge, den store skilnaden på Fitjar og Solid i serieopninga. Foto: Kjetil Rydland.

KAMPFAKTA

Fitjar-Solid 1-2 (0-2)

Seriekamp 4. divisjon, menn

Fitjar Idrettspark laurdag 11. april kl. 14.00

Mål
0-1 Alfred Berge (2.), 0-2 Alfred Berge (39.), 1-2 Øyvind Fykse Lie (str. 90.)

Gult kort: Andreas Våmartveit (30.), Ole Christian Christiansen (38.), Robert Alsaker, John André Njåstad, alle Solid.

Dommar: Martin Davitian, Nymark IL

Laget til Fitjar:
Oddgeir Træet, André Helland (Torkel Nesbjørg 90.), Jan Åge Tislevoll, Emil Fitjar, Sander Tverborgvik, Helge Træet, Torbjørn Korsvik (Sebastian T. Thomassen 79.), Øyving Fykse Lie, Mats Brakedal, Badi Hurasi, Thomas Vestbøstad Waage (Adrian Mehammer 89.)