16-årslaget til Fitjar IL var svært nær å bli det første Fitjar-laget til å vinna ein A-finale i handballfestivalen på Stord då dei tapte på «suddden death» mot Stord 2. pinsedag.

Det blei ein fartsfylt og veldig god G16-finale mellom Fitjar og Stord. Fitjar opna best og leia 5-3 etter halvspelt 1. omgang. Det blei jamt til pause, eitt måls leiing til Fitjar. Andre omgang starta som første slutta, tett, intens og fartsfylt handball. 600 tilskodarar sette pris på det dei såg. Speaker Runar Øvrebø brukte mange flotte superlativar.

Ved kampslutt stod det 11-11. For eit drama. Det skulle spelast «sudden death» – første mål vinn. Fitjar vinn avkastet og får første angrepet.
Fitjar-gutane lykkast ikkje, og Stord fekk sin sjanse og vann finalen.

– Skuffelsen var stor blant Fitjar-gutane, men dei skal vita at dei gledde veldig mange handballtilskodarar med sitt gode og fartsfylte spel, seier trenar Bengt Monry Olsen til Fitjarposten. Trenaren er kjempefornøgd med innsats og gjennomføring av kampen. Han synest Fitjar var best. Kanskje ikkje heilt objektiv, Men idrett er ikkje alltid rettferdig.

Det er første gongen eit Fitjar-lag spelar A-finale på handballfestivalen, så det var stor stas. Ein fagjury som bestod av Vidar Gjesdal syntest at det var ein veldig god kamp, og han likte begge lags keeperar spesielt godt. Ingvar Rafdal på Fitjar blei kåra til banens beste. Toppskårer for Fitjar i finalen blei Vegard Hareide med 4 mål.

– Me gler oss til neste år, fortel trenar Bengt Monry Olsen, då skal desse to laga trena i lag og spela kampar for å kvalifisera seg til den landsomfattande Bring-serien. Det er påmeldt to 16-årslag og eitt Bring-lag. Det blir eit 1996-lag og eit 1997-lag, fortel ein fornøgd trenar, Bengt Monry Olsen, til slutt.

Hei.

 

Det blei ein farts fylt og veldig god G-16 finale mellom Fitjar og Stord.

Fitjar åpnet best og ledet 5-3 etter halvspilt 1. omgang. Det blei jevnt til pause, 1 måls ledelse til fitjar.

Andre omgang startet som 1. sluttet. Tett, intens og fartsfylt handball. 600 tilskuere satte pris på det dei såg. Speaker Runar Øvrebø brukte mange flotte superlativer.

Ved kampslutt stod det 11-11.  For eit drama. Det skulle spilles «sudden death» første mål vinner. Fitjar vinner avkast og får første angrep. Fitjar gutane lykkast ikkje og Stord fekk sin mulighet og vant Finalen.

Skuffelsen var stor blant Fitjar gutane, men dei skal vite at dei gledde veldig mange handball tilskuere med sitt gode og fartsfylte spill.

Treneren er kjempe fornøgd med innsats og utførelse på kampen. Han synes fitjar var best….(kanskje ikkje heilt objektiv) Men idrett er ikkje alltid retferdig.

Det er 1. gang eit Fitjar lag spiller A-finale på handball festivalen, så det var stor stas.

Ein fag jury bestående av Vidar Gjesdal syntes at det var en veldig god kamp og han likte begge lags keepere spesielt  godt. Ingvar Rafdal på Fitjar blei kåra til banens beste.

Toppskårer for Fitjar blei Vegard Hareide med 4 mål.

Me gler oss til neste år, då skal desse to laga trene ilag og spille kamper for å kvalifisere seg til Bring serien. (landsomfattende serie) Det er påmeldt to 16 års lag og et Bring lag. Det blir eit 96 lag og eit 97 l

Det skal bli kjekt å følge dei.

Ps Kjetil

eg har ikkje noko gode bilder, du har sikkert eit arkiv foto… Kanskje av Ingvar..

 

Bengt