A-laget til Fitjar måtte tola tap 2-3 mot Odda i treningskampen torsdag kveld.

Første omgang var dårleg frå Fitjar si side, og før me fekk sukk for oss, stod det 3-0 til gjestene frå Odda. Rett nok spela Odda i 3. divisjon i fjor, og burde nok vera eit strå kvassare enn Fitjar. Men dei slapp altfor lett til, med tre relativt lettkjøpte mål.

I andre omgang var Fitjar-spelarane mykje meir på hugget frå første spark på ballen. Det var derfor ikkje ufortent at Goff Helland fekk redusera til 1-3 etter 8 minutt. Utover i omgangen fekk me sjå meir aggressivitet og mykje fint spel frå Fitjar-ungdommane si side. Reduseringa til 2-3 kom ved Brynjar T. Engelsen rundt 10 minutt før slutt, og mange augna då sjansen til uavgjort. Men mem 2-3 ebba kampen ut i det bikkjekalde spelevêret. Som vanleg i slike treningskampar blei det etter kvart mange byte, slik at til saman 19 Fitjar-spelarar fekk prøva seg. Av desse var to debutantar på A-laget, Håkon Tørnquist og Geir Steffen Tranøy.

Alt i alt ein dårleg første og ein lovande andre omgang frå Fitjar si side. Eit relativt fåtalig og frostig publikum fekk sjå ein del bra fotball mot slutten av kampen. Kanskje det me fekk sjå lokkar enkelte til Hustredalen for å sjå ny treningskamp mot Solid førstkommande laurdag kl. 14.00.

Fitjar sitt lag:
Vidar Vestbøstad, Andreas Torland, Martin Vestbøstad, Nils Ingard Tislevoll, Lars Fitjar Waage, Henrik Raunholm Kjelling, Leif Tore Aarland, Kjell André Thorland, Leif André Tangen, Thomas Vestbøstad Waage og Goff Helland.

Innbytarar:
Idar Volden Mjønes, Bent Ove Maraas, Øystein Fitjar Waage, Mads D. Helland, Brynjar T. Engelsen, Mats Brakedal, Geir Steffen Tranøy og Håkon Tørnquist.