Torsdag kveld gjekk Fitjar på sitt første tap i vinterserien i fotball då dei tapte 1-2 for Halsnøy.

Etter to sigrar i vinterserien måtte Fitjar-trenar Kjell Træet sjå laget sitt tapa for aggressive gjester frå Halsnøy. I første omgang var nok Halsnøy det beste laget, og gjekk opp til 1-0 ved Asmir Jakupovic etter 23 minutts spel. Fitjar utlikna på straffe ved toppscorar Thomas V. Waage eit kvarter før pause.

I andre omgang var Fitjar det klart beste laget, i alle høve den første halvtimen. Heimelaget hadde mesteparten av spelet og dei fleste sjansane. Det var såleis mot spelets gang at det var Halsnøy som greidde å scora. Kjetil Eide fekk litt for god plass i eit folksamt Fitjar-forsvar, og skaut velplassert til side for Fitjar-keeper Oddgeir Træet. Etter scoringa overtok Halsnøy, og hadde bra kontroll resten av kampen.

Fitjar stilte med dette laget:
Aleksander Henriksen, Sondre Fykse Lie, Martin Vestbøstad, Nils Ingard Tislevoll, Emil Fitjar, Torbjørn Korsvik, Kjell André Thorland, Øyvind Fykse Lie, Jan Åge Tislevoll, Geir Steffen Tranøy og Thomas V. Waage. Innbytarar: Oddgeir Træet, Lars Fitjar Waage, Bernt-Ove Maraas, Helge Træet.