Fitjar tapte i ettermiddag 2-1 mot heiltente Follese. Fitjar sin keeper, Torstein Myhre, heldt spenninga ved like med storspel, og vart heilt fortent kåra til Fitjar sin beste spelar.

Hadde det ikkje vore for ei rekkje praktredningar av Myhre, kunne nok lett sifrane sett mykje verre ut. Fitjar hadde sine sjansar, og med litt hell kunne me lett ha fått uavgjort. Mellom anna heldt eit langt innlegg frå Tor Jørgen Larsen på å gå rett i mål, og Kjell Magne Halleråker som skåra Fitjar sitt mål, var nære på å koma igjennom fleire gongar.

Når det er sagt, må me òg innrøma at Askøy-laget spelte godt og vann fortent. Til tider fekk dei gjera nett som dei ville på høgrekanten der dei spelte seg til kjemperom, gong på gong.

Her er Agnar Aarskog sin kommentar:

Eit nytt tap for Fitjar på heime bane gjer at laget ligg heilt sist på tabellen. Første omgang var Follese klart best og berre ein god Torstein Myhre i Fitjar målet heldt oss unna stygge siffer.

Fitjar hadde nokre få sjansar, men dei største var det Follese som stod for og i periodar kjørde dei over Fitjar med mykje bra spel. Hurtige spissar med gjennom spel på deira spissar gjorde dei farlege mange gangar.

Andre omgang var meir jamnspelt og med litt flaks på slutten kunne Fitjar lett ha utlikna. Men typisk for eit lag i motgong så går det ikkje vegen. Fitjar laget er ikkje fysisk så godt trent som sine kollegaer i 3. divisjon. Derfor vert rørsla i laget for dårleg.
Det var Torstein Myhre som vart kåra til dagens spelar av ein lokal jury, det var fullt fortent.

Neste kamp er borte mot Loddefjord, for dei som vil vera med å sjå på, er det mogleg å vera med bussen, ta kontakt med lagleiar Agnar Aarskog.