Fitjar hadde lenge bra kontroll på Djerv 1919 i kveldens treningskamp, men mot slutten hang dei ikkje med gjestene sine, som kunne reisa heim til Haugesund med 2-1 i bagasjen.

Djerv 1919 har hevda seg i toppen av sin pulje i 4. divisjon, og gjestne gjekk vel til kveldens treningskamp på kunstgraset som favorittar. Men det såg ikkje slik ut då kampen endeleg kom i gang, ein halvtime forseinka på grunn av trafikkuhellet i Bømlafjordtunnelen.

Fitjar hadde full kontroll frå start, og gjestene var knapt over midtstreken før det hadde gått eit kvarter. Sjølv om Fitjar hadde ballen mest, var dei verken presise i pasningsspelet eller farlege framfor målet til gjestene. Me noterte knapt ein einaste målsjanse for nokon av laga før det hadde gått over ein halvtime. Då fekk Fitjar corner, og midtstoppar Sander Tverborgvik fekk veldig god plass til å setja ballen i mål.

1-0 og 100 % utteljing på sjansane må seiast å vera bra for Fitjar, men dei klarte ikkje å ta med seg leiinga til pause. Også gjestene klarte å scora på den første skikkelege sjansen sin, ein sjanse som dei aldri burde ha fått. Eit dårleg utspel frå Fitjar-keeper Trond Henriksen blei snappa opp av Djerv 1919 på midtstreken. Gjesteangriparen takka for tilbodet og sprang mellom feilplasserte og uoppmerksame Fitjar-forsvarar og scora sikkert frå kort hald.

I andre omgang tok Djerv 1919 etter kvart over, sjølv om heller ikkje dei imponerte. Sigersmålet kom etter 25 minutt då dei braut på midtstreken, idet Fitjar var i ferd med å starta eit angrep frå venstrebacken. Djerv 1919 kom i stor fart mot eit Fitjar-forsvar i ubalanse, og etter eit par småpasningar kunne dei setja ballen utakbart bak kveldens beste Fitjar-spelar, keeper Trond Henriksen.

Mot slutten av kampen redda kveldens keeperveteran heimelaget frå eit større nederlag, med og utan hjelp frå tverrliggjaren. Spelemessig var nok kveldens kamp eit steg i feil retning i forhold til den fine treningskampen mot Trott. Men Kjell André Thorland og Helge Træet på midtbanen spelte brukbart, det same gjorde høgreback Leif André Tangen. 

Fitjar stilte med dette laget:
Trond Henriksen, André Helland (Adrian Mehammer 46.), Sander Tverborgvik, Jan Åge Tislevoll, Leif André Tangen (Torkel Nesbjørg 83.), Helge Træet, Øyvind Fykse Lie (Thomas V. Waage 10.), Kjell André Thorland, Torbjørn Korsvik (Frode Malkenes 75.), Sebastian T. Thomasssen (Mats Westvik 46.) og Badi Hurasi.