A-laget tapte 1-4 mot Gneist i første kampen om kretsmeisterskap i 5. divisjon Hordaland.

Kampen gjekk på bortebane i går kveld, og med 1-4 i bagen heim har gutane til Kjell Træet ein lang veg til kretsmeisterskap i år.

I den første kampen om KM møttest Norheimsund og Gneist i Hardanger, og heimelaget vann 4-2. Dermed er alt i teorien ope om kven som stikk av med krinsmeisterskapen, men berre ein storsiger for Fitjar mot Norheimsund heime på søndag vil duga. Rask hovudrekning tilseier at 6-0 eller 7-2 vil hjelpa, men det er vel lite sannsynleg.

Uansett ønskjer me A-laget lykke til på heimebane mot Norheimsund førstkomande søndag.