Fitjargutane møtte veldig sterkt motstand i opningskampen sin, og tapte 0–5 mot elitelaget Västerås frå Sverige.

Sjeldan eller aldri har me sett gutelaget møta eit så godt lag som det svenske elitelaget Västerås SK Fotboll. Svenskane gjekk kjapt ut, og scora før Fitjar hadde komme i gang. Allereie etter 20 sekund – før me hadde fått sukk for oss – låg ballen i Fitjar-buret.

Utover i kampen viste det seg at dettte nok ikkje var tilfeldig. Svenskane var eit lite hakk betre i alt, tekniske, kjappe og fysisk sterke. Etter 1. omgang stod det 3–0, etter fine svenske scoringar. I 2. omgang kom Fitjar litt meir med, men med to baklengs til mot slutten enda det med 0–5.

Det såg likevel ikkje ut til at Fitjar-spelarane hang med nebbet av den grunn. Alle kunne sjå at dei hadde møtt eit veldig godt lag, og no er det berre sjå fram mot neste kamp, i morgon mot brasilianske Colegio Batista.

Fitjar sitt lag: Tomas Malkenes, Andreas Torland, Martin Vestbøstad, Nils Ingard Tislevoll, Rune Levåg, Øystein Waage, Øyvind Fykse Lie, Leif Tore Aarland, Mads Dahl Helland, Henrik R. Kjelling og Mats Brakedal. Innbytarar: Simon Stokken, Tormod Tørnquist, Jørgen Fjøsne, Christer Korneliussen og Halvor Larsen.

Kampoppsett og resultat for Fitjar-gutane kan du sjå her:

http://spelprogram.gothiacup.se/index.php/klass?ID=2

comprare steroidi