Fitjar innleidde haustesongen med tap 2-3 for Trott i Prestagardsskogen fredag kveld.

Trott fekk ein etterlengta revansje mot Fitjar i kveldens 5.-divisjonsoppgjer på graset i Prestagardsskogen. Laga hadde kvar sin omgang, og det var alt i alt heilt fortent at alle tre poenga blei igjen i Nordbygdo.

Det var Fitjar som opna best, og allereie etter knapt to minutt låg ballen i nettet bak Trott-keeper Asbjørn Isdal. Leif André Tangen avanserte i kjent stil på høgrevingen før han la inn framfor mål. Det såg iallfall ut som forsøk på eit innlegg, men ballen gjekk over keeper og i mål, heilt oppe i vinkelen. Oppglødd av den tidlege scoringa dominerte Fitjar første omgang. Det var såleis vel fortent at dei kunne gå opp til 2-0 etter vel 25 minutts spel. Thomas V. Waage vann tilbake ballen på 16-meteren til Trott etter at vertane hadde klarert eit angrep. Han spelte fint fram til Jan Åge Tislevoll, som kunne plassera ballen sikkert forbi Trott-keeperen, Asbjørn Isdal.

Som kjent er 2-0 ei farleg leiing, noko me fekk eit nytt prov på i kveld. Omgangen var så godt som ferdig då Trott reduserte ved Christopher Steensohn. Han kom altfor lett til mot dårleg plasserte Fitjar-forsvarar, men skotet skal han ha all ære av, med venstre heilt oppe i krysset bak ein sjanselaus Fitjar-keeper.

Om Fitjar hadde dominert første omgang, overtok Trott etter pausen. Det fine pasningsspelet til Fitjar såg me ikkje lenger noko til. Saknet etter Øyvind Fykse Lie på midtbanen blei meir og meir merkbart utover i andre omgang. Ein godt kjempande Kjell André Thorland blei altfor åleine mot lettbeinte Trott-spelarar, som fekk meir og meir sjølvtillit etter kvart som dei fekk grep om spelet. Det var derfor ikkje ufortent at Christopher Steensohn fekk avgjera kampen med to pene headingar. Dermed blei det ekte hat trick på barnebarnet til Trott-trenar Leif Dikki Steensohn.

Med dette tapet har Fitjar sleppt Trott forbi seg på tabellen i 5. divisjon. Bremnes vann 1-0 borte mot Kjøkkelvik i kveld, og ser ut til å stikka av i toppen. Dermed må Fitjar truleg konsentrera seg om 2.-plassen, i knivskarp konkurranse mot nettopp Trott,