Fitjar tapte på straffe då finalen i årets vinterserie gjekk av stabelen i Prestagardsskogen fredag kveld.

Gutane til Kjell Træet fekk større problem med nordbygdarar frå 5. divisjon enn dei hadde med meir ambisiøse sagvågarar i Hustrudalen for to veker sidan. Trott-spelarane gjekk defensivt ut, og Fitjar kom knapt til ein einaste målsjanse i første omgang, sjølv om dei hadde ballen mest. Den største sjansen hadde Trott, mot slutten av omgangen, då ei heading etter corner slo ned frå tverrligggjaren og ned på mållinja. Trott-spelarane signaliserte mål, men me får tru assistentdommaren såg rett då han ikkje markerte.


Jan Åge Tislevoll i kamp med Trott-midtstoppar Martin Ness. Foto: Kjetil Rydland.

I andre omgang gjekk Trott ut med høgt press og gjorde Fitjar-spelarane usikre. Heimelaget heldt fram med å leggja litt meir tyngde i dei fleste duellane og reiv til seg eit ørlite overtak. Men ingen av laga makta å scora. Trott var nærmast etter fem minutt då ballen på nytt slo i tverrliggjaren og rett ned på mållinja. Kaptein Øyvind Fykse Lie stod for den beste Fitjar-sjansen då han spelte seg elegant fri med ei fin vending inne i Trott-feltet, men ballen gjekk i stonga. Kampens beste prestasjon stod nok Fitjar-keeper Oddgeir Træet for då han var nede ved stolperota og redda ein fin Trott-heading frå kort hald.

Etter nitti hustrige og mållause minutt gjekk kampen til to gonger 10 minutt ekstraomgongar. Heller ikkje ekstratida gav scoring, og dermed måtte det straffekonkurranse til. Her følgde laga kvarandre nesten til slutt, heilt til Fitjar bomma på det femte og siste. Dermed måtte dei svelgja tap mot norbygdarane i divisjonen under.

Fitjar stilte dette laget:
Oddgeir Træet, Badi Hurasi, Emil Fitjar, Sander Tverborgvik (Johannes Myhre), André Helland, Helge Træet, Torbjørn Korsvik, Øyvind Fykse Lie (Frode Malkenes 78.), Kjell André Thorland (Adrian Mehammer 60.), Jan Åge Tislevoll, Thomas Vestbøstad Waage.