A-laget til Fitjar måtte sjå Trio stikka av med alle tre poenga etter heimekampen fredag kveld.

Sigeren til naboane frå Kvinnherad var fortent nok kampen sett under eitt. Men det var Fitjar som kom best i gang, og heimelaget hadde eit visst overtak i første omgang. Fine raid av vingane Goff Artsamai og Badi Hurashi skapte fleire gode sjansar.

Men Trio rydda unna, og litt mot spelets gang tok dei leiinga 1-0 ved Allkan Abdulla etter vel ein halvtimes spel. Trio tok over meir av spelet, og kunne gå til pause med 1-0.

I andre omgang hadde gjestene dei fleste sjansane, og det var ikkje heilt ufortent at den same Allkan Abdulla kunne leggja på til 2-0 vel midtvegs i omgangen. Fint spel på høgresida til Trio gav eit innlegg som Allkan møtte fint inne i feltet, og han kunne setja ballen kontrollert bak Oddgeir Træet i Fitjar-målet.

Heimelaget har slite lenge med å få spelet til å flyta, og Trio såg ut til å ha kontroll på kampen. Fitjar kom knapt til ein einaste sjanse, bortsett frå ei heading over mål frå Badi Hurashi. Det var derfor ikkje uventa at Trio kunne blåsa all spenning ut av kampen med 3-0 vel fem minutt før full tid. Martin Veastad fekk eit flott, hardt innnlegg frå vestresida, og hadde ingen problem med å setja ballen kontant i mål.

Fitjar kjempa godt i sluttminutta. Innbytar Roger Almås hadde eit bra langskot rett etter at han kom innpå tre minutt før full tid. Og det var ikkje ufortent at Jan Åge Tislevoll kunne redusera til 1-3 i det 90. speleminuttet. Då var kampen for lengst avgjort, og det spørst om ikkje han burde vore fytta framover på banen tidlegare. Det ser ut til at den offensive krafta hans trengst for at Fitjar i det heile skal klara å scora mål.

Ein kompetent jury utnemnde også denne gongen Kjell André Thorland til dagens Fitjar-spelar. Han kan gle seg til ein ny komlemiddag på Fitjar Fjordhotell. Vel fortent.

Med dagens tap miste Fitjar sjansen til å koma opp i ryggen på tetlaga i 4. divisjon. Men dei ligg relativt trygt plassert midt på tabellen, med god avstand til botnstriden. Vonleg har dei sanka fleire poeng i bortekampane som kjem, før neste heimekamp, mot Follese laurdag 20. september.

Ingressbilete: Badi Hurashi farleg frampå i Trio-feltet. Foto: Kjetil Rydland.