Handballdamene til Fitjar måtte tola tap 30-35 mot serieleiar Fana 2, trass i at dei spela ein god kamp.

Damene har etter kvart fått sving på spelet sitt, og har vunne mange kampar i det siste, etter ein dårleg start på sesongen. Haustkampen mot serieleiar Fana 2 enda med eit katastrofetap på 18 mål, men søndagens kamp var på alle måtar mykje betre. Damene kjempa lenge jamt med dei suverene serieleiarane frå Fana. Ved pause låg dei under med tre mål, og måtte sjå Fana dra endå litt ifrå i andre omgang, slik at nederlaget blei 30-35.

Trenar Harald Engevik fortel om ein kjekk kamp, mot eit lag som var litt for godt for Fitjar-damene. Han vil ikkje trekkja fram enkeltspelarar etter dagens kamp, men rosar damene for god innstilling og god innsats. – Dei gav aldri opp, fortel han, sjølv om dei møtte eit veldig godt lag. Han er fornøgd med at dei scora mange mål, men måtte innsjå at dei ogå sleppte inn mange mål. Dei prøvde å sjå eit mønster, kor måla kom frå.

– Men me måtte innsjå at måla kom frå alle posisjonar, motstandarane var rett og slett for gode for oss, seier han.

Etter dagens kamp ligg Fitjar framleis på 2.-plassen på tabellen, med sine 12 poeng. Harald Engevik fortel at fire lag kjempar om den andre opprykksplassen i 5. divisjon. Men dei fokuserer ikkje så mykje på opprykk.

– Me er opptekne av å spela gode kampar, og å vinna og tapa med stil. Og i dag tapte me med stil, seier ein godt fornøgd Harald Engevik til slutt.

Fitjar sitt lag mot Fana 2:
Solveig Fitjar (målvakt)
Charlotte Solberg
Randi Thorland
Miriam Almås
Maria Larsen
Amalie Korsvik
Ingvild Rimmereid
Ingvild Kannelønning
Kristin Tessem Dahl

Terminliste, resultat og tabell finn me på sidene til www.handball.no: