Handballdamene til Fitjar IL måtte sjå Kjøkkelvik 2 stikka av garde med poenga etter kveldens seriekamp på heimebane.

Fitjar-damene brukte nesten ni minutt før dei klarte å scora mot gjestene frå Kjøkkelvik. Motstandarane kvitterte straks, og det var ingen tvil om kven som var det beste laget i første omgang. Heimelaget var eit nummer for små, og måtte sjå gjestene gå til pause med leiing 12-5.

I byrjinga av andre omgang såg gjestene ut til å halda fram som før pause. Men dei tapre Fitjar-damene beit tennene saman og drog innpå gjestene sine. Frå eit heilt håplaust utgangspunkt kom dei nærmare og næmare, og midt i omgangen var dei oppe og lukta på gjestene sine. På stillinga 14-17 augna me ein aldri så liten sensasjon. Kunne heimelaget få liv i kampen igjen?

Dessverre kom ikkje dei hardt kjempande Fitjar-damene nærmare. Gjestene svarte på utfordringa, og drog jamt og sikkert frå mot slutten. Me sluttstillinga 25-18 var det ingen tvil om kven som var best, men Fitjar-damene greidde uavgjort i andre omgang.

Fitjar sitt lag (mål i parentes):
Kristine Korsvik (keeper), Solveig Fitjar (keeper), Randi Thorland (3), Miriam Almås, Marit Thorland (1), Kristin T. Dahl (1), Lillian Gjuvsland, Ingvild Kannelønning (4), Marita Helland (1), Julie Jensen (1), Ingvild Rimmereid (2), Maria Larsen (3), Amalie Korsvik (2).