Fitjar tapte gårsdagens bortekamp mot Bremnes med 2-5.

Bremnes var nok det beste laget i vintermørkret på Sentralidrettsanlegget tysdag kveld. Det hjelpte ikkje at Thomas V. Waage var tilbake i «normalt» scoringshumør og noterte seg for to mål mot bremnesingane. Heimelaget kunne innkasera ein grei siger, med 5-2 etter 4-1 ved pause.

Med dei to scoringane i går har Thomas V. Waage gått forbi Finn Ingvar Havnerås, og er tidenes toppscorar for Fitjar sitt A-lag i fotball.

Scoringane i går kveld kom slik: 7 min 1-0, 38 min. 1-1 Thomas V. Waage, 39 min. 2-1, 41 min. 3-1, 45 min. 4-1, 50 min 5-1, 88 min 5-2 Thomas V. Waage.

Lagoppstillinga til Fitjar (4-2-3-1):
Aleksander Henriksen (90 min.), Leif André Tangen (62 min.), Martin Vestbøstad (62 min.), Emil Fitjar (58 min.), Sondre Fykse Lie (45 min.), Helge Træet (90 min:), Kjell André Thorland (45 min.), Øyvind Fykse Lie (90 min.), Mats Brakedal (45 min.), Geir Steffen Tranøy (45 min.), Thomas Vestbøstad Waage (90 min.). Reservar: Jonas Tislevoll (45 min. inn for Mats Brakedal), Lars Fitjar Waage (45 min. inn for Kjell Andre) ,Jan Åge Tislevoll (45 min. inn for Geir Steffen Tranøy), Bernt-Ove Maraas (45 min inn for Sondre Fykse Lie), Nils Ingard Tislevoll (60 min. inn for Emil Fitjar), Andre «Mini» Helland (28 min. inn for Leif André Tangen).