A-laget til Fitjar er framleis utan poeng i årets 4. divisjon, etter eit nytt 1-2-tap, denne gongen heime mot Trio.

Gjestene frå Kvinherad viste seg ikkje som noko storlag, men var klart betre enn Fitjar på den våte og sleipe grasmatta i Fitjar Idrettspark i dag. Rett nok augna eit vått og forfrose heimepublikum von om tre heldige poeng då Jan Åge Tislevoll gav Fitjar leiinga 1-0 etter 33 minutt av andre omgang. Han var litt stødigare enn motstandarane framfor Trio-målet, og då både keeper og ein forsvarsspelar miste fotfestet, kunne han setja ballen kontrollert i mål.

Ein fin prestasjon av Jan Åge, med det er det meste positive sagt om dagens kamp. Medspelarane trudde knapt det dei såg, og kasta seg i søla i hemningslaus jubel. Men berre sju minutt brukte Trio på å snu kampen til 2-1-siger, og dermed kunne dei reisa heim med tre velfortente poeng. Etter det tredje 1-2-nederlaget på like mange forsøk ligg Fitjar åleine på botnen av tabellen i 4. divisjon, som det einaste laget utan poeng.

Dagens kamp viste på nytt at Fitjar er sårbare dersom dei må klara seg utan dei faste støttespelarane. Det er ikkje godt nytt at Thomas V. Waage ser ut til å bli vekke resten av vårsesongen. Kjell André Thorland er framleis ute med skade, og i tillegg måtte Helge Træet stå over i dag, også han på grunn av skade. Særleg midtbanen lir under dette mannefallet, og hadde ikkje kaptein Øyvind Fykse Lie vist framgang i dag, kunne det gått endå verre.

Gong på gong gleid gjestene gjennom på midtbanen, og kom til farlege sjansar framfor Fitjar-målet. Så det var mest flaks som gjorde at det ikkje stod både 0-2 og 0-3 då Jan Åge scora 1-0-målet. Fitjar-spelarane sleit med å posisjonera seg, både defensivt og offensivt, og me noterte eit utal sjansar for gjestene. Blant anna slo ballen i stolperota bak Oddgeir Træet og ut etter 20 minutt.

Men det var Fitjar som hadde den aller første målsjansen. Allereie etter eitt minutts spel bomma Badi Hurasi for ope mål på fem meters hald. Jan Åge Tislevoll hadde tre fine forsøk på slutten av første omgang, sjølv om Trio-keeperen såg ut til å ha nokolunde bra kontroll. Elles var dette Trio sin kamp, og Fitjar treng nok eit par veker på å slikka sine sår før neste kamp, borte mot Frøya fredag 8. mai.


Jonas Tislevoll fekk sjansen som spiss, men blei stort sett engasjert i basketak på den sleipe midtbanen. Foto: Kjetil Rydland.

 
Best på banen i Fitjar Idrettspark var heilt klart dei nye skura i pleksiglas som fekk vist at dei duger i nesten all slags ver. Foto: Kjetil Rydland.


Fitjar – Trio 1-2 (0-0)

Seriekamp fotball 4. divisjon, menn
Fitjar Idrettspark laurdag 25. april kl. 14.00
Tilskodarar: 60

Dommar: Cato Sysatd, Frøya Fitball

Mål: 1-0 Jan Åge Tislevoll (77.), 1-1 (82.), 1-2 (84.)

Gult kort:
André Helland, Fitjar (71.) og Eivind Saghaug, Trio (89.).

Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet, Leif André Tangen (Sebastian T. Tufteland 65.), Emil Fitjar, Sander Tverborgvik, André «Mini» Helland, Øyvind Fykse Lie, Torbjørn Korsvik, Jan Åge Tislevoll, Badi Hurasi, Mats Brakedal og Jonas Tislevoll (Frode Malkenes 76.).