Ein lesar frå har sendt oss melding om at nokon har stole juletrelysa som lyste opp ute ved bedehuset i Dåfjorden. Er det nokon som skjønar korleis nokon kan ha glede av å gjera slikt? Me skjønar det ikkje.

Her er mailen me fekk, og som me bring vidare uavkorta, ironisk og bra skrive som den er:

Me i Dåfjorden har ein fin tradisjon, første søndag i advent samlast me på bedehuset om ettermiddagen til kaffi, kaker, julesongar og tenning av juletrelysa ute.

Slik var det også dette året, og det fine treet har lyst opp for køyrande og gåande desse vekene. Men dette skulle me ikkje få gle oss over i julehelga. Dåfjord bedehus og innbyggarane i Dåfjorden vil få nytta høvet å ynskja dei som stal JULETRELYSA og skøyteleidningen (utfor bedehuset) GOD JUL og GODT NYTT ÅR. 
 

Håpar lysa har fått ein fin plass og minner om JULEBODSKAPEN.