Det vart eit surt 2 – 1 tap for Fitjar i seriepremieren mot Vadmyra på laurdag.

Vadmyra scora nesten 5 minutt på overtid og førte til at poenga vart verande i Bergen. Me meiner nok at uavgjort hadde vore eit greitt resultat, men ein skal nok vera så ærleg å seia at skulle nokon vinna kampen var nok Vadmyra nærast.  Torstein Myhre hadde fleire kjempe redningar og haldt Fitjar inne i kampen, han var nok Fitjar sin beste spelar i kampen.

Fitjar kjempa godt og gjorde ein bra kamp.  I det 60 minutt vart Kjell Magne Halleråker haldt igjen i straffefeltet og Fitjar fekk straffespark og Vadmyra sin Eirik Spord vart utvist.  Dessverre sette Kjell Magne Halleråker ein dårleg straffe og keeper redda.

Kampen viste for Fitjar sin del at ein held nivået for 3. divisjon og me ser fram til laurdagens kamp mot Øygard heime i Fitjar Idrettspark.