Damene frå Fitjar nådde ikkje heilt opp i veterancupen i Lærdal, men dei variable resultata her på ingen måte gått ut over humøret.

Fitjarposten har nett fått melding frå glade Fitjar-damer i Lærdal. Resultata har ikkje vore heilt topp, men det legg ingen dempar på stemninga. Mot Arna Bjørnar klarte dei uavgjort 2-2, og mot kjende damer frå Sandviken heldt det nesten. 2-3 tap for Bergens-laget lar seg så absolutt høyra. Mot Kaupanger tapte dei så klart som 0-5. 

Dermed enda dei blide damene frå Fitjar nest sist i puljen med sine tre poeng etter 5-2 mot Midsund fredag kveld. Alle resultata frå Veterancup i Lærdal, finn du her: