Ungdommane i Dana Cup har vore gjennom ni innleiande kampar i dag, og berre jentene i 14-årsklassen har vunne sine kampar.

Til gjengjeld har jentene spela god fotball og kvalifisert seg for A-sluttspelet etter to sigrar. Dei begynte litt tregt mot det gode danske laget Horsens FC, og Fitjar låg under 0-1. Men i andre omgang spela dei seg stort opp, og avgjorde kampen til sin fordel med to scoringar av Tone Brakedal. Ein god kamp mot eit godt lag, oppsummerer trenar Rune Brakedal.

I den andre kampen sin møtte jentene Eina SK frå Vestre Toten kommune. Her viste Fitjar seg klart betre enn motstandarane sine, og etter fine scoringar av Ailin Vik, Tone Brakedal og Oda Rydland, kunne dei jubla for 5-2 og avansement til A-sluttspelet.

For dei andre laga frå Fitjar blei det berre tap. Juniorlaget var svært nær siger mot Brommapojkarna frå Sverige, men måtte tola eit knepent 1-2-nederlag. Gutane i 13- og 14-årsklassane måtte òg reisa poenglause heim att til Blokhus tysdag kveld.

Dagens grisebank var det jentene i 15-årsklassen som måtte tola. Heile 0-10 står det i målprotokollen etter møtet med Lillehammer Kvinnefotballklubb. Rett nok såg me berre 9 mål frå sidelinja, og to av desse kan lillehamringane takka ein dårleg dommar for. 1-0 kom på straffespark etter ei stygg takling langt utanfor 16-meteren. Og 2-0 kom kom på scoring frå dødlinja, og skulle naturlegvis ha vore annullert for offside. Men derfrå og inn viste Lillehammer KFK at dei ikkje hadde bruk for hjelp av dommaren. Fitjar-trenar Rune Brakedal er nok einig i omtalen av dei første måla, men slår fast at Lillehammer var eit svært godt lag.

Mange tap ser ikkje ut til å leggja nokon dempar på stemninga for badeglade Fitjar-ungdommar. Og dagens kommentar kjem frå ei av jentene som fekk ordre om å vera med og jogga ned etter siste kampen:

– Jogga ned? Kor skal me jogga då – me er jo i Danmark!