Dette vert ein frykteleg haust for Fitjar sitt A-lag i fotball. Til no når ein kamp gjenstår mot topplaget Trio har Fitjar kun teke 1 poeng. Det som også har skjedd er at tapa er blitt store i dei siste kampane. Det er vel ingen tvil om at mange har gitt opp, men ein burde kanskje teke seg saman og gjennomført serien med stil sjølv om ein veit at det vert nedrykk.

I dagens kamp mot Norheimsund vart det også stygge tal i målprotokollen. Me såg alt frå start at Norheimsund hadde noko å spela for og gjekk hardt ut mot eit noko vaklande Fitjar forsvar. Og før det var gått eit kvarter låg ein under 2-0. Ronald Skår reduserte etter eit fint angrep av han og Gjert Ståle Olsen, då kunne det vorte kamp att, men like etter auka Norheimsund til 1-3 og kampen var i realiteten kjørt.

Fitjar skal møta leiarlaget Trio i siste kamp på Husnes og me får håpa at Fitjar kan avslutta med litt motstand mot serieleiaren som ein slo på heimebane.