Fitjar tapte fortent 1-3 mot Austevoll på kunstgraset på Storebø.  

Det var ein vanskeleg vind i heile kampen og laga hadde medvind kvar sin omgang.  Første omgang var jamspelt utan at nokon av laga kom til dei store sjansane.  Men heilt på tampen av første omgang sette Kjell Magne Halleråker inn eit fint mål etter gjennomløp.  Fitjar gjekk dermed til pause med leiing.  Eit skår i gleda var at Arild Træet vart skada alt etter 10 minutt i første omgang.  Det kan sjå ut som skaden kan vera langvarig.

 

I andre omgang starta Austevoll i eit stort tempo for å få utlikning.  Men det var Fitjar som kom til den første store sjansen.  Kjell Magne Halleråker var gjennom og hadde berre keeper igjen, så kom ein forsvarar og heldt igjen Kjell Magne, og dermed datt han. Etter vår meining var dette ein soleklar straffe, og det skulle vore utvisning av Austevoll forsvararen. Assistentdommar markerer med flagget, men dommar overser han, og han tar ned att flagget. 

Ein uforståeleg dommar avgjerd.  Med rett avgjerd her kunne kampen fått eit anna utfall.

 

Etter dette vart Fitjar overkøyrd av eit aggressivt Austevoll lag, og dei vann fortent.  Fitjar fall heilt i saman.  På slutten av kampen fekk Tor Jørgen Larsen sitt andre gule kort ,og dermed rødt, og han måtte gå av banen i det 80 minutt.