Det blei dessverre berre tap i Rødspætte Cup, fortel oppkvinne Ingvild Kannelønning, som likevel er bra fornøgd med Danmarks-turen i påskehelga.

Nærast siger var dei i langfredagskampen mot det tyske laget Nied SG 1877. Der tapte Fitjar-gutane berre 11-14, og det var ein mykje betre kamp av Fitjar, både i angrep og forsvar. Dagen etter, laurdag, blei det tap mot to danske lag, og i den siste kampen på søndag blei det tap mot det norske laget Sande.

Det merkast at Fitjar-laget ikkje har fått spelt serie denne sesongen. Men dei skal ha for at dei ikkje gav opp, og jobba på i kampane, seier Ingvild Kannelønning til Fitjarposten. Sjølv om ein såg det ikkje vart siger, jobba ein med eigne målsettingar. Av spelarar som har markert seg, hadde Emil Fitjar fleire gode skot frå venstreback i fleire kampar, og Aadne Nesbø og Adrian Torvund markerte seg med scoringar i kvar sin kamp. Å ha med Stord-gutane løfta laget og dei fekk meir tru på kva dei kan få til, og laget viste tidvis godt kollektivt spel, seier ei relativt nøgd oppkvinne.

Det viktigaste for laget var å få til ei kjekk cuptur no på tampen, sidan det er usikkert kva som skjer med laget til hausten. – Me håpar at dei kan få til eit lag, sidan fleire av spelarane ynskjer å fortsetje. Det har vore ein positiv gjeng å ha med på tur, og me har kost oss, seier Ingvild.

Gutane som var med er: Brynjar S. Bergesen, Emil Fitjar, Arnstein Andersen, Eirik Larsen, Sondre Nesbø Aarland, Aadne Nesbø, Ole Martin Spissøy, Adrian Torvund, Adrian Torvund.