Fitjar-gutane som er i Danmark og spelar handball, har brukt langfredag til å tapa den første kampen sin i Rødspætte Cup.

Det er hjelpetrenar og oppkvinne Ingvild Kannelønning som melder dette til Fitjarposten. Dei har no i dag spelt sin første kamp mot svenske Kungälvs HK, og her blei det dessverre tap 7-12. Første omgang var litt famlande frå gutane si side, men det tok seg godt opp i 2. omgang, som laget vann 5-1, seier Ingvild Kannelønning.

Ho fortel vidare at dei har fått nokre ekstra spelarar på laget, sidan dei berre i utgangspunktet er 8 spelarar. Det er fire Stord-gutar som er her som lagleiarar for eit jentelag. Magnar Langeland, Kristian Aamodt, Ingemar Søreide og Einar Helland blir med Fitjar-gutane vidare om dei har høve til det.

Elles er det ein kjekk gjeng å reisa på tur med, fortel Ingvild. Dei kosar seg på Hotel Jutlandia i Fredrikshavn. Odd Sverre Larsen er sjåfør, og Charlotte Solberg er trenar. Vêret er akkurat som heime, fortel sjåfør Odd Sverre, frosne pyttar og sol frå nesten skyfri himmel.

Vonleg vil me få rapport frå Danmark om betre resultat seinare i påskehelga.