Handballdamene til Fitjar IL tapte 22-28 mot Kleppestø i dag etter ein svært dårleg andreomgang.

Kleppestø viste seg ikkje som noko storlag, og er er eit av laga Fitjar burde ta mål av seg til å slå. Men etter årsverste av Fitjar-damene blei det tap og null poeng i heimekampen søndag ettermiddag.

Første omgang var jamn i 20 minutt. Då stod det 7-7 etter avventande spel av begge laga, og Fitjar-trenar Trond Arnevik tok timeout. Den nytta han svært godt, og Fitjar-damene tok fullstendig kommandoen i kampen. I løpet dei siste 10 minutta før pause scora dei sju mål. Det stod 14-8 til pause, og låg alt til rette for ein klar heimesiger.

Men det var før andre omgang, den dårlegaste me har sett av Fitjar-damene på lenge. Kleppestø-damene hadde tydelegvis brukt pausen betre enn heimelaget. Dei kom ut av av garderoben som eit heilt nytt lag. Etter berre seks minutt hadde gjestene teke att seksmålsleiinga til Fitjar ved pause. Og før Fitjar greidde å scora eit einaste mål i andre omgang, hadde Kleppestø scora heile 10!

Dermed var kampen avgjort. Spesielt Kleppestø-vingen Tonje Serine Tveitnes var vond å hanskast med. Heile ni spelemålmål og eitt straffekast fekk ho lov å setja inn. Med unnatak av eit par korte periodar dominerte gjestene andreomgangen og fekk gjera omtrent som dei ville.

Fitjar-damene har nok eit og anna å snakka om etter kampen, for dette var merkeleg svakt. Dei einaste som kom opp mot vanleg standard, var keeper Lisa Folkedal og dagens toppscorar, Lillian Gjusvsland. Elles florerte feilpasningar, dårlege ballmottak og manglande samhandling blant handlingslamma Fitjar-damer.

Neste sjanse til å revansjera seg kjem søndag om ei veke, når damene skal til Bergen og møta Flaktveit i Flakteithallen i Åsane. Terminliste og tabell for 5. divisjon kan du studera her.

Fitjar sitt lag mot Kleppestø (scoringar i parentes): Lisa Folkedal (k), Ida S. Fitjar (k), Charlotte Ayoe Levåg (3), Randi Thorland (2), Miriam Almås (2), Maria Larsen (1), Lillian Gjuvsland (5), Julie S. Jensen (2), Ingvild Rimmereid (3), Marita Nysæther (1), Martine Hareide (3), Vilde R. Kjelling.

Ingressbilete: Tonje Serine Tveitnes set inn straffe for Kleppestø mot Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.