Fitjar-gutane i klassen G16 tapte 1-2 i heimekampen mot Trott torsdag kveld.

Det var to svært jamne lag som møttest til dyst på kunstgraset i den fine, kjølige vårkvelden. Fitjar tok leiinga 1-0 ved Frode Malkenes etter 30 minutt av første omgang. Men allereie fem minutt seinare utlikna Trott ved Jakob Sydnes.

1-1 etter første omgang gav eigentleg eit dekkande bilde av kampen så langt. Også andre omgang var jamn, men det var berre Trott som makta å scora. Målet kom etter rundt eit kvarter, og scoringa til Jørgen Danielsen avgjorde kampen, som enda 2-1 til gjestene frå Nordbygdo.

Laget til Fitjar:
Aleksander Henriksen, Torkel Nesbjørg, Emil Fitjar, Petter Volden, Tobias Vestbøstad, Ørjan S. Nordvang, Joakim Vestbøstad, Lars Fitjar Waage, Vegard Hareide, Frode Malkenes og Ola Westvik.

Innbytarar:
Brynjar Traa, Jonas Heggøy og Arild Dalsgård.