Laksevåg scora i det 88. minutt, og dermed måtte Fitjar-gutane reisa heim att utan poeng i går kveld.

Fitjar spela jamt mot hardtspelande Laksevåg, men måtte sjå poenga glippa på slutten av kampen. Allereie etter tre minutt tok heimelaget leiinga, og kunne gå til pause med 1-0. Midt i andre omgang utlikna Fitjar ved Helge Træet, og det såg lenge ut til at dei skulle få med seg eitt poeng heim. Men tre minutt før slutt gjekk Laksevåg opp til 2-1, på eit drittmål, etter det me forstår på Fitjar-trenar Kjell Træet. Og dermed blei Fitjar sendt heim med tap.

Fitjar-trenaren fortel at Fitjar dominerte store delar av kampen. Men dei sleit med å skapa store sjansar, og fekk ikkje avgjort kampen til sin fordel. Derimot var det hardtspelande heimelaget heldig og fekk inn eit mål på slutten. Dermed er ikkje Fitjar heilt på toppen av tabellen lenger. Om dei skal feriera på toppen, må dei slå leiarlaget i 5. divisjon avd. 01, Vestsiden-Askøy, i siste heimekampen før sommarferien. Den går av stabelen på grasbanen heime i Fitjar Idrettspark laurdag 22. juni.