Partileiar Knut Arild Hareide og KrF sin ordførarkandidat Harald Rydland møttest på Leirvik i dag.

 

 

Harald Rydland nytta høvet til å lansera ein ny tannlegereform. Utgangspunktet er at den offentlege tannhelsetenesta har sentralisert drifta si, og lagt ned klinikken på Fitjar. Kommunen har jobba iherdig opp mot Fylkeskommunen for å unngå nedlegginga, men utan å verta høyrt.

Det toget er gått, seier Harald Rydland, KrF. No lanserer han ein annan modell: Det er privatpraktiserande tannlegar over heile landet, og det må leggjast til rette for at det offentlege kan kjøpa timar hos desse. Offentleg/ privat samarbeid er etablert innan legeteneste, fysioterapi, barnehage og mange andre felt. Kvifor ikkje tannlegar også?

I dag går alle vaksne og friske til lokal tannlege og betaler rekninga sjølv. Born og unge opp til 18 år pluss eldre som har rett på fri tannhelseteneste, må gå til den offentlege tannlegen, i Fitjar sitt tilfelle Stord tannklinikk i Borggata. Foreldre må ta fri for å køyra borna til Leirvik, og institusjonspasientar må skyssast og følgjast. Dette kostar urimeleg mykje for både private og for kommunen.

Her har Fylkeskommunen lagt opp til at folket skal innretta seg. I staden må Fylkeskommunen tilpassa seg til folket. Ei nyordning etter Harald Rydland sitt framlegg vil også styrkja den lokale private tannhelsetenesta.

Knut Arild Hareide støtta utspelet fullt ut. Saka har nasjonal interesse, og den må løftast opp på høgaste nivå.

 

 

Ingressbilete: Tommelen ned for dagen sin praksis! Frå venstre KrF sin partileiar Knut Arild Hareide, Fitjar KrF sin ordførarkandidat Harald Rydland og Jarle Jacobsen frå Sveio, ordførarkandidat for KrF og kandidat til Fylkestinget. Foto: Harald Johan Sandvik