Teikning; Lars Slettebø

Debatt: Fylkeskommunen bør kunna gje driftstilskot til ein privat tannklinikk som og kan ta seg av dei brukarane som har rett på gratis tannhelse.

Av: Harald Rydland, ordførarkandidat Fitjar KrF

Etter at me mista siste rest av tannhelsetilbod i Fitjar, har mange teke til orde for å få eit tilbod på plass att. Eldrerådet i Fitjar har hatt saka høgt på dagsorden. Fitjar Krf og Vestland KrF har programfesta å arbeida for å prøva ut privat/offentleg samarbeid for å sikra gode tannklinikkar i heile fylket.

Systemet når det gjeld tannhelse er slik at vaksne pasientar går til private tannklinikkar og betalar for behandlinga sjølv, medan barn, ungdom, eldre og andre som har rett til det, får gratis behandling på fylkeskommunen sine klinikkar. Denne delinga gjer at det vert vanskeleg å oppretthalda gode tannklinikkar i små og mellomstore lokalsamfunn.

Dersom ein og samme tannlege hadde fått høve til å ta seg av alle som treng behandling, trur me det ville vera lettare å få gode tannklinikkar i fleire lokalsamfunn som i dag manglar slikt tilbod.

Fylkeskommunen bør kunna gje driftstilskot til ein privat tannklinikk som og kan ta seg av dei brukarane som har rett på gratis tannhelse. Kvifor kan ein ikkje få til noko slikt for tannhelse, når det er ei sjølvsagt ordning for den ordinære legetenesta? Ein god tannklinikk er ei teneste som høyrer til i eit godt lokalsamfunn.

For å få etablert eit slikt tilbod på Fitjar må me:

  • Ha ein tannlege som er interessert i å etablera seg her
  • Få politisk vilje i fylkeskommunen til å inngå eit samarbeid
  • Vera lojale og støtta opp om tilbodet

Dette er ei sak der me som kommunepolitikarar ikkje kan lova konkrete resultat. Me i Fitjar KrF kan likevel lova dette: Dersom veljarane syt for at KrF får vera med å styra Fitjar kommune dei neste fire åra, skal me arbeida så godt me kan for å få tannlegen tilbake til Fitjar.

Godt val!