Foto: Privat

Lesarinnlegg: – Like sikkert som at det snart er vår vil det snart spira ugras, som reduserer avlingane til bonden, i hjulspora på bilete.

Av: Turid Marie Lambach Fitjar

Turid Marie Lambach Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.

Det har sidan oppussinga i sentrum blitt ein del færre parkeringsplassar ved Fitjar kyrkje. Når parkeringsplassen ved Fitjar Bedehus er full parkerer fleire bilen på dyrka mark langs Fitjargardsvegen. Dette er eit problem av fleire grunnar.

Berre 3% av Noregs landareal vert nytta til matproduksjon. Fitjar sentrum er flott ramma inn av produktiv eng. Ver grei å ikkje nytta denne matjorda som parkeringsplass. Like sikkert som at det snart er vår, vil det snart spira ugras, som reduserer avlingane til bonden, i hjulspora på biletet.

Fitjargardsvegen er smal, og parkering langs vegen kan vera til hinder for både store køyretøy som brukar denne vegen kvar dag, og eventuelle utrykkingskøyretøy ved ulykker.

Løysinga er enkel, det er nok parkeringsplassar i Fitjar sentrum. Dei aller fleste av desse ligg ikkje lenger vekke frå kyrkjetrappa enn det Fitjargardsvegen gjer, og det nye, breie fortauet gjer ruta frå sentrum til kyrkja tryggare å gå.

Fitjarfolk lever tett og omsynsfullt med bøndene i bygda. Ha norsk landbruk og matproduksjon i bakhovudet neste gong du parkerer i Fitjar sentrum, så går det nok bra!