Eit engasjert publikum. Foto: Anne Helene Vestbøstad

Tysdag 31. mars arrangerte elevrådet ved Rimbareid skule talentkonkurranse for 5.-7.klasse.

Me fekk sjå eit underhaldande og variert program med trylling, sketsj, song, dans og speling på kam, baryton, piano og gitar.

Åse og Johannes frå 5.klasse leia det heile på ein flott måte. Det er kjekt å sjå at så mange elevar vågar å stå på ei scene og underhalda både små og store.

Det blei ei vanskeleg oppgåva for juryen, men til slutt blei det kåra ein vinnar: Ingrid og Hildegard frå 7.klasse med songen ”Take a bow”

På delt 2.plass kom Ingrid frå 5.klasse med song, og Adrian frå 6.klasse på piano. 

Eit engasjert publikum. Foto: Anne Helene Vestbøstad

Sketsj av Ola, Marie og Vilde frå 5.klasse. Foto: Anne Helene Vestbøstad
Sketsj av Ola, Marie og Vilde frå 5.klasse. Foto: Anne Helene Vestbøstad

Song av Brynjar, Karine og Ingvild frå 7.klasse. Foto: Anne Helene Vestbøstad
Song av Brynjar, Karine og Ingvild frå 7.klasse. Foto: Anne Helene Vestbøstad