Onsdag ettermiddag/kveld kjem russen på Fitjar og Stord på dørene med bøsser for å gjere eit krafttak mot kreft. Ta vel imot dei.

Fitjarposten møtte tre av dei utanfor klasserommet deira i Fitjar kultur- og Idrettsbygg, og me fekk eit klart inntrykk av at russen såg stort på å få gjere noko til inntekt for ei så god sak. Dei har både hatt besøk frå folk i kreftaksjonen og snakka om dette i klassen.

– Det er veldig fint at russen kan markere seg, og få omtale, på anna enn pøbelstrekar, smiler Martha Steinsland Leivestad, Christer Korneliussen og Malin Myrvang Nesse til slutt.

Fekk inn 88 000 kr i fjor
Krafttak mot kreft er Kreftforeininga sin årlege landsomfattende innsamlingsaksjon. Onsdag vil ein samle inn pengar til forsking på personleg tilpassa kreftbehandling.

– Det er utruleg flott at russen i år også engasjerer seg i kreftsaka, seier aksjonsleiar på Vestlandet, Lena Teigland. I fjor samla russen på Fitjar og Stord inn 88 000 kroner, og totalt ble det samla inn 2 millionar kroner i Hordaland.

Over 20 000 bøsseberarar i heile landet, hovudsakeleg russ, deltar i årets aksjon. – Det er av stor betydning for oss at russen ønsker å stille opp i årets aksjon. Vi håpar russen blir tatt godt imot når de går rundt med bøsser onsdag 6. mars, seier Teigland.