Både tidlegare sokneprest Herman Inge Aadland og resten av festlyden såg ut til å trivast på kyrkjelydsfesten søndag ettermiddag.

 

Knapt 150 små og store møtte fram til årsfesten i Fitjar kyrkjelyd på bedehuset i dag. Det blei uttrykt stor takksemd over vakker song og musikk, overdådige kaker og over den åndelege føda møtelyden fekk del i.

Benedicte Meyer leia festen, og fokuserte på at me går mot lysare tider. Noko den vakraste vinterdagen på fleire år bar bod om. Og den første songen sette stemninga, nemleg Petter Dass: Om alle mine lemmer var fylt med bare sang, … Jeg vil min pris frembære, o store Gud, til deg!

Ein liten flokk med barn frå soknerådet sin eigen Bakken barnehage gledde møtelyden med fin song. Det same gjorde Gurid Refvik, med og utan akkompagnement frå Hans Olav Kobberstad på fiolin og Svein Tørnquist på piano.

Kveldens talar, Leon Dyngeland frå Lundeneset vidaregåande skule, leverte ein særs familievennleg tale, slik han hadde lova. Han fortalte den spanande soga om den unge kvinna Rut, svigermor hennar, No’omi, og storbonden Boas som gifte seg med Rut.

Me har gleda av å leggja ved nokre bilete frå festen.


Kjekt å møtast på kyrkjelydsfest for Inger C. Fitjar og Ingolv Rimmereid. Foto: Kjetil Rydland.


Eit rikhaldig kakebord å forsyna seg frå, for Ole Kristian Oma og Eli Simonsen. Foto: Kjetil Rydland.


Dagens talar var Leon Dyngeland frå Lundeneset vidaregåande skule. Han tala om ei kjend kvinne frå bibelsoga, Rut, som tok seg av svigermor si No’omi og etter kvart gifta seg med storbonden Boas. Foto: Kjetil Rydland.


Sokneprest Olav J. Oma var med og spreidde godt humør på årsfesten. Foto: Kjetil Rydland.