Det er Harald Johan Sandvik som seier dette etter ein strålande basar i Færøysund laurdag.

Sola skein om kapp med varme og blide gjester under den tredje Færøysundbasaren, som blei avvikla i går.

For enkelte var nok tropedagen i varmaste laget, og nokre få hadde meldt frå på førehand at dei ikkje såg seg syn med varmen. Men me talde til over 160 basardeltakarar, med stort og smått. Den minste var tre månader gammal, og dei eldste over 80 år.

Dei frammøtte såg ut til å trivast, og det hadde dei all grunn til. Dagen opna med ymse leikar, som støvelkasting, hesteskokasting og quiz. Og dei musikkinteresserte fekk læra å bruka afrikanske trommer av kuskinn.

Harald Johan Sandvik opna den formelle delen av basaren med å lesa frå Salme 121 – Herren skal vara din utgang og din inngang frå no og til evig tid. Før han gav ordet til svoger sin, Emmanuel Aoudi Chance, som gjorde greie for kva inntektene frå basaren går til.

Chance har starta organisasjonen Société Agricole Mbé, for å støtta jordbruket i byen Mbé i Kamerun. Saman med bror sin, Amadou, har han kjøpt inn traktorar til bøndene heime. I tillegg treng dei blant anna pengar til ymse spadar og andre handreiskapar. Ingen ting går vekk i administrasjon, og Chance reiser sjølv ned til Kamerun for å sjå til prosjektet. Så her veit me kva pengane går til, og treng ikkje vera redde for at dei ikkje kjem fram!

Dei to brørne Chance og Amadou hadde med seg landsmannen Daniel Waka, ein kløppar på afrikanske trommer og andre musikkinstrument. Saman fekk dei med seg dei andre gjestene i afrikansk dans i sommarvarmen. Før John Villy Sandvik leia trekninga av gevinstar og auksjon, med god hjelp av bror sin, Audun Sandvik, og Jan Magne Hanstad.

Den slagferdige og humoristiske John Villy Sandvik er søskenbarn av Harald Johan, Målfrid og Mette, og fortalte om mange artige episodar frå barndommen i Færøysund, der han pla feriera med familien om sommaren. Og pengane sat laust hos publikum, som baud villig vekk på bær frå Prestbø og poteter frå Rimbareid, eit flott saueskinn og mykje meir.

Harald Johan fortel til Fitjarposten at dei har fått inn rundt 68 000 kroner på årets basar, altså noko meir enn i fjor, då dei fekk inn 52 000 kroner. Og han fortel til Fitjarposten at dei er svært takknemlege!

Ingressfoto: Chance fortel om jordbruksprosjektet i Kamerun.