Styrar Anne Karin Nilsen i Fjellheim Friluftsbarnhage gjev ros for flott Kardemommeby-framsyning.

– Tusen takk til 5. klasse på Rimbareid skule for ei kjempeflott framsyning av «Kardemommeby». Me frå Fjellheim Friluftsbarnehage storkosa oss! skriv ho. Det same gjorde nok dei andre barnehageborna, og alle dei andre som fekk med seg den flotte framsyninga i går eller i dag.

Det har lenge vore ein tradisjon at 5. klasse ved Rimbareid skule har ei flott teaterframsyning på denne tida av året.

Det er berre å vona at ein held fram med det.