Ordførar Harald Rydland rettar fingeren mot Kartverket. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

 –  Takk for at de har slutta så godt opp om den nasjonale dugnaden mot Korona her på Fitjar.

Ordførar Harald Rydland rosar Fitjarbuen i den siste pressemeldinga frå kriseleiinga i kommunen.

– Fitjar kommune har fått etablert gode smitteverntiltak som innbyggjarane er flinke til å retta seg etter.  Kriseleiinga vil retta ei stor takk til innbyggjarane for at dei har slutta så godt opp om den nasjonale dugnaden her på Fitjar.

Rydland opplyser om at kriseleiinga no kjem til å gå frå å ha møte kvar dag, til ein dag i veka, men at det vert kalla inn til ekstra møte ved behov.

– Når det gjeld utsending av informasjon i tilknytning til pandemien, vil plakaten på heimesida og Facebook framleis verta oppdatert med det som måtte komma av nytt.  Informasjonsbrevet på heimesida vil og verta oppdatert når det er nytt å melda, men ikkje dagleg, som det har vore til no, avsluttar Rydland.