I dag blei det markert at Sælevik skule står ved ein milepæl når Onar Westerheim no takkar av som rektor etter 40 år i Fitjar-skulen.

Elevar og lærarar hadde invitert den kjære rektoren sin til lunsj i dag kl. 11.00. Lite visste Onar om at det venta meir enn det lunsjbordet elevar og lærarar hadde dekt på skulekjøkenet. I det doble klasserommet ved sida av samla heile skulen seg til ei høgtidsstund, med skulesjef Edvin Aase og leiar i foreldrerådet ved skulen, Frode Pletten, til stades.

Elevane las opp dikt og andre helsingar som dei hadde skrive til Onar. Alt dette hadde dei samla i ei bok som dei gav Onar som avskjedsgåve, saman med eit gåvekort. Og så song dei den heimelaga songen «Ute på molokanten stille sat Onar-mann … » – ein tekst som så avgjort høvde til dagens hovudperson; blant anna fekk me med oss: «… det var ei gammal skeise, skoen var revet av …»

Skulesjef Edvin Aase takka og overrekte blomar på vegner av Fitar kommune.  Leiar i foreldrerådet ved Sælevik skule, Frode Pletten, takka for godt samarbeid. Han hadde med seg kortreist mat frå Dåfjorden, aure, som han hadde tilberedt sjølv. Vidare hadde han med seg gåvekort til bruk på Plantasjen, noko som fekk den hageinteresserte rektoren til å utbryta: «No må eg visst bryta nytt land!»

Lærarane hadde allereie hatt si avslutning med Onar. Men både Svein Losnegård og Vilhelm K. Sjøvold nytta høvet til å retta nokre takkens ord til Onar for langt og godt samarbeid. I talane sine la dei vekt på Onar som ein lagbyggjar, som hadde vore flink til å nytta nærmiljøet til uteaktivitetar, både i naturen og i tilknyting til lokale arbeidsplassar. Og frå lærar Heidi Haugland Berg fekk Onar overrekt ei bok som alle rekna med ville falla i smak: «13 år med Kupper’n og Co.»

Onar fortel til Fitjarposten at det i desse dagar er nøyaktig 40 år sidan han fekk spørsmålet om å overta som lærar ved Sælevik skule. Det var Magne Andersen som hadde fått oppdraget å spørja på vegner av skulesjef Lidvald Stubhaug. Og Onar, som hadde tenkt å studera vidare, tenkte at «det kunne vera greitt å arbeida og tena pengar eit år.» Som kjent blei det ikkje berre eitt, men heile 40 års arbeid. Med unnatak av to og eit halvt år som sjef for oppvekst og omsorg i Fitjar kommune har Onar arbeidd alle desse åra ved Sælevik skule. 

Det er altså ein av dei berebjelkane i Fitjar kommune som takkar av i dag, men han blir ikkje gjerandslaus som pensjonist. Hagen er ein kjær hobby både for Onar og Elise, og til vinteren vonar han å setja nye rekordar på skeisebanen. Fitjarposten kryssar fingrane for at han lukkast, og sluttar oss til dagens lovord.