Visst kunne dei gjeve trenaren sin , Roy Inge Stegane, ein blom for godt arbeid. Men Fitjar sitt gutelag, som nyleg var i Norway-cup, og nokre av foreldra deira, fann på noko mykje betre. Torsdag kveld stilte dei opp i hagen til Stegane og gav til beste ein skikkeleg hagedugnad.