Kari Bjelland Vik og Iren Hamborg tek i mot blomar på vegne av alle dei tilsette for handteringa av smitteutbrotet i mars2020. Arkivfoto: Ingrid Hovstad

Ordførar Harald Rydland og rådmann Olaug Haugen ville i dag gje stor heider til dei som arbeider på Fitjar bu- og behandlingssenter, for å ha vist handlekraft i ein krevjande situasjon.

Det vart den 20.03. oppdaga smitte av koronavirus hos ein tilsett på sjukeheimen. Alle dei 10 som bur på somatisk avdeling vart sett i karantene på romma, medan fleire av dei tilsette måtte i heimekarantene. Dette førte til ein svært utfordrande situasjon, både for å få nok folk på jobb, og for å hindra smittespreiing.

I går kunne me melda om at ingen på avdelinga synte symptom på at dei er koronasmitta, og smittevernlege Odd Jarl Kvamme fortalde at bebuarane hadde det fint.

Lange armar kjem godt med i desse dagar. Foto: Ingrid Hovstad

Blomar og heider

– Etter ein krevjande periode med karantene og ekstraordinært smittevern har ingen av dei som bur på sjukeheimen fått symptom på koronasmitte. Og i dag er karanteneperioden over. Dei som arbeider på sjukeheimen, med Iren Hamborg og Kari Bjelland Vik i spissen, likeeins smittevernlege Waleed Brisam og helsesjef Anne Økland, har utført ei bragd som har fått dette til, skriv ordførar Harald Rydland i ei pressemelding.

Han og rådmannen vitja i dag FBB og gav blomar og lovord til dei tilsette på bygget.

– Fitjar kommune vil retta ei stor takk til dei tilsette som har vist effektiv og profesjonell handlekraft, kreativitet og engasjement i denne alvorlege situasjonen, sa rådmann Olaug Haugen.

Ho takka dei tilsette for at dei var snarrådde i ei veldig krevjande stund. Einingsleiar Iren Hamborg og avdelingsleiar Kari Bjelland Vik tok i mot blomane.

– Klemmar får de få seinare, spøkte ordføraren.