Flott frammøte (over 100), gode aktørar og full kontroll på lyd og bilete gjorde «Godbitar frå SANGBOKEN» til ein fin stund i går kveld.
Underteikna fekk ikkje takka dei medverkande skikkeleg, og gjer det med dette:
Stor takk til Elisabeth og Olav Oma, Terje Koløen og Lovise Vestbøstad for flott song og spel. Likeeins til Ole Haukeland og Rolf-Atle Rolfsnes som bidro med supert lyd- og bilete-opplegg.
Takk òg til dei frammøtte for fantastisk allsong.