Leiar i Fitjar IL, Gisle Levåg, framfor kunstgrasbana. Arkivfoto: Kjetil Rydland.

Fleirtalet i kommunestyret fann plass i budsjettet til oppgradering av idrettsanlegget ved kunstgrasbanen med pengar til lys og nytt dekke, og leiaren i Fitjar Idrettslag, Gisle Levåg, synest politikarane fortener stor takk.

– Det var ein flott julepresang me fekk i år! seier leiaren i Fitjar Idrettslag, Gisle Levåg.

Han understrekar kor viktig det er at politikarane legg til rette for barn og unge. Etter tolv år som lokalpolitikar veit han kor vanskeleg det er å få på plass budsjettet, og i år har det vore ein ekstra tøff budsjetthaust. Derfor synest han politikarane fortener ekstra ros denne gongen. Han siktar til at fleirtalet i kommunestyret fekk på plass ein anleggspakke med nytt kunstgras og nytt lysanlegg på kunstgrasbanen.

I investeringsbudsjettet for 2019 blei det sett av 1,9 millionar til nytt kunstgras med dempeduk. Det noverande kunstgraset er tolv år gammalt, og er utan dempeduk. Ti år er «normal» levetid på eit slikt dekke. No er banen så dårleg at han ikkje kan brukast lenger, meiner Gisle Levåg. Det har blitt altfor mange belastningsskader i det siste, og det hastar med å få nytt dekke.

Totalt vil denne oppgraderinga kosta 2,5 millionar kroner. Som då kunstgraset var nytt, vil idrettslaget gjera dugnad for å få arbeidet gjort. Å skaffa folk til dugnad og å organisera arbeid er noko Fitjar Idrettslag kan, slår Gisle Levåg fast:

– Det er det minste problemet, seier han, dette får me til!

Men han reknar ikkje med å få det nye kunstgraset på plass før til våren, etter at grasbanen er opna. Aktiviteten må nok flyttast opp på graset før dei legg det nye kunstgraset, trur idrettslagsleiaren.

I tillegg er det sett av 800 000 kroner til nytt lysanlegg ved kunstgrasbanen til neste år.

- Annonse -

Idrettslaget vonar også at dei snart kjem vidare med opprusting av garderobebygget ved kunstgrasbanen. Det blei teke i bruk i 1976, og den gongen skreiv «Sunnhordland» at dei ville «få gratulera med det nye og praktiske bygget, som kan vera eit mønster for andre bygder i Sunnhordland».

Det begynner å bli ei stund sidan, og bygget treng sårt til oppgradering. No er det planlagt varmestove og nytt lager, og for få dagar sidan fekk Gisle melding om at Fitjar Kraftlag har løyvd 110 000 kroner til dette prosjektet.

Bygget er ikkje fullfinansiert enno, men Fitjar Idrettslag har ei gruppe som arbeider målretta vidare med prosjektet. Idrettslagsleiaren nyttar høvet til å retta ei stor takk til Fitjar Kraftlag, som er ein solid støttespelar for idretten til Fitjar.

Gisle Levåg legg ikkje skjul på at han er utruleg takknemleg for at idretten i bygda har så sterke støttespelarar, som forstår verdien av arbeidet til Fitjar Idrettslag.

Garderobebygget i bakgrunnen treng oppgradering etter å ha vore i bruk i 43 sesongar. Foto: Kjetil Rydland.