Kontor- og personalsjef Halvard Wiik går av med pensjon i sommar. På kommunestyremøtet onsdag markerte ordførar Wenche Tislevoll at kontor- og personalsjef Halvard Wiik sluttar i Fitjar kommune etter 25 års teneste.

Halvard Wiik har hatt mange arbeidsoppgåver, det vart ekstra tydeleg no når det skulle skrivast utlysing for stillinga. Halvard har gjort jobben på ein trygg og god måte, og ordføraren tok fram mange av dei gode sidene hans. Han har mellom mykje anna hatt ansvaret for stortings- og kommunestyreval og for lønsforhandlingar, og ordføraren tok spesielt fram dei gode tilbakemeldingane etter lønsforhandlingane i 2012.

Gåva frå kommunestyret var eit gåvekort frå ei sportsforretning, med tanke på at syklisten Halvard kan få komplettera utstyret sitt! Stillinga som Halvard no går ut av, er omgjort til assisterande rådmann, og Andreas Moe Larsen frå Stord, som er dotterson til Shetlands-Larsen, er nyleg tilsett i stillinga. Han startar i løpet av august.